Publisert 21. oktober 2011 av Synnøve Engevik

Tett på punkeksplosjonen

Søndag opnar me utstillinga «Fin Serck-Hanssen. Musikkfoto fra 1979-1986″, som inneheld fotografi av pur unge punkarar, seinare legender, tatt i Noreg og Storbritannia i perioden 1979-86. Bileta er som musikken dei materialiserar: enkle, direkte og ærlege.

Han var der då det eksploderte. Då punken kom til Noreg og endra rocken for all ettertid. Vår mann var væpna med eit kamera, og på kamera – eit normalobjektiv. Ikkje noko fiksfakseri. Fin Serck-Hanssen og hans Minolta var deltakande observatørar i ein eksklusiv subkultur med store popkulturelle ringverknadar. Resultatet er unike historiske dokument og stilsikre estetiske objekt som på slåande vis korresponderar med haldningane innan punken.

Punk mellom to permar og på utstilling

The Cut, Kjøtt, Ramones, Wanskrækk, The Cure, Iggy Pop, Depeche Mode, Ebba Grön, Oslo Børs, Holy Toy. Alle inngår i boka In Between Pictures – Photographs 1979-1986 (Teknisk Industri og Fälth & Hässler), og i Rockheim-utstillinga «Fin Serck-Hanssen. Musikkfoto fra 1979-1986″. Både boka og utstilinga vil bli presentert og diskutert i ein samtale mellom fotograf Fin Serck-Hanssen og musikkjournalist Geir Rakvaag under Trondheim Dokumentarfestival på Dokkhuset 26.11.

Velkommen til utstillingsopning: søndag 30. kl. 14.00 i Rockheim Galleri (30.10 – 11.12). Det blir gratis inngang, musikk av performancegruppa The Four og forfriskingar.

Meir om Fin

Fin Serck-Hanssen (f. 1958) tilhøyrer toppsjiktet av norske fotografar og har sidan starten av 1980-talet gjort karriere både nasjonalt og internasjonalt. Han er representert ved ein rekkje sentrale kunstinstitusjonar, og er kjent for sine nære og usentimentale bilete av minoritetsgrupper som aidssjuke, fengselsinnsette, Nordsjødykkarar og homofile. Les meir her