Silent Side of Rock’n’Roll
18. august 2012

Turboneger er tilbake! Og ikkje berre som rock-maskineri og -sjokk på scenen. Same dag som bandet spelar konsert under Klubb-Pstereo, opnar Rockheim sin splitter nye galleriutstilling Silent Side of Rock’n’roll. Her gir fotograf Stian Andersen eit usensurert innblikk i Turbo-sirkuset på tur, anno 2005.

Stian Andersen er 39 år, frå Oslo, sjølvlærd, og ein av Noregs fremste musikkfotografar. 16 år gammal tok han med seg kamera og sneik seg inn på DumDum Boys-konsert på Rockefeller. Der brukte han sine fyrste rullar med svartkvitt-film. Bandet blei så fornøgd at dei brukte eit av bileta på singelcoveret til ”Englefjes”. Debuten gav ein flying start inn i rockeverda, og Andersen blei raskt fotograf for Rock Furore, Beat og Puls. Av internasjonale oppdragsgivarar kan me liste opp: Rolling Stone, NME, Der Spiegel, Time Magazine og MOJO. Lista over celebre motiv rommar: Iggy Pop, Johnny Cash, Robyn, Prince og Blur. Andersen har laga foto til over femti plateomslag. Her er artistar som a-ha, Röyksopp, Bertine Zetlitz, DumDum Boys og Turboneger representert. I tillegg til å være musikkfotograf, har han internasjonal redaksjonell ballast og mykje reklameerfaring. Han har mottatt fleire prisar for bokpublikasjonar, foto til albumcover og magasin.

Med utstillinga Silent Side of Rock’n’roll frå 2007 fornya Andersen det dokumentariske rockefotografiet i Noreg. På midten av 2000-talet var han den fyrste norske fotografen som systematisk dokumenterte ein tolv månadar lang turné. Utallige bussmil og mange hundre filmrullar seinare laga han utstilling. Av internasjonale førebilete kan me nemne Pennie Smiths turnefoto av det britiske punkbandet The Clash og den amerikanske rockefotografen Annie Leibovitz sine kontroversielle turnebilete av Rolling Stones på 1970-talet.

I Noreg har denne fotografiske sjangeren bredd om seg fyrst dei siste tiåra. Før den tid var det journalistar på reportasjeoppdrag som i hovudsak stod for fotodokumentasjonen, og dermed blei det heile meir fragmentert. På 1980-talet og på oppdrag frå dei nye norske musikkavisene, var Raymond Mosken, Steinar Buholm og Fin Serck-Hanssen viktige musikkfotografar.

Sentrale fotografar som jobba på 1990-talet var Morten Andersen og May-Irene Aasen. Frå 2000 til 2010 fungerte Paal Audestad som hoff-fotograf for Kaizers Orchestra, Marthe Amanda Vannebo var eit knipsande turnemedlem saman med Åge og Sambandet, medan vår mann, Stian Andersen, var i inn- og utland med eit snart avtroppande a-ha, samt Röyksopp og Big Bang.

Andersen innleia samarbeidet med Turboneger gjennom pressefoto-oppdrag og platecover-produksjonar allereie tidleg på 1990-talet, og opparbeidde seg gradvis tillit hos sine fotografiske objekt. Det fyrste profesjonelle møtet fann stad på Blitz i 1992, med Knut Schreiner blant publikum. Då Andersen tretten år seinare spurte om å få vera med på turné, var det med eit krav om kunstnerisk fridom. Turboturneen «Party Animals» dundra gjennom landet frå mai 2005 til mai 2006, med Andersen, apparatet hans og den analoge filmen på slep. I tillegg til utstillinga har han produsert den påkosta fotoboka Turboneger. Fotografier 1993 – 2009 (2010).

Turboneger er kanskje det mest konseptuelt og visuelt orienterte bandet i norsk rocks historie. Andersen har vore viktig i utforminga og formidlinga av Turbo-pakka. Ei pakke som består av allsongvennleg og fengande rock, ideologi, image, typar, drama, historier og mytologi. Mykje er rockehistorisk tjuvgods med ein postmoderne vri. (Andersen er fotografen bak promo og cover til Never Is Forever frå 1994, Apocalypse Dudes frå 1998, Party Animals frå 2005 og Retox frå 2007, fire av i alt ni studioalbum). Gjengmentaliteten som gjennomsyrar dette fotografiske promomateriale, samlar sterke enkeltindivid til eit band og gjer dei til noko større enn summen. Dei vekkjer og undring i sin ekstremitet og absurditet.

Utstillinga inneheld både poserande portrett som oser av bandets ambisjonar, nihilisme og rockereferansar, samt dokumentarfoto som uttrykkjer ”galskapen”, innsatsen, intensiteten. Bileta har det mørke, det farlege og det glamorøse i seg. Og midt inni der finn du som regel det triste i blikket til Hank Von Helvete. Motiva vekslar mellom publikum og band – i turnebussen, bak scenen og på scenen. Det er også stor variasjon i perspektiv, komposisjon, lyssetting og format. Thomas Seltzer har uttalt:

«Vi måtte oppdra norsk musikkpresse litt og få dem bort fra de evinnelige bildene tatt fra fotograven foran scenen. Det er mye råere med bilder tatt fra trommene, der man ser det vi ser fra scenen. Du ser gaffatapen, ølflaskene, det stygge scenegulvet og det dødskule, svære folkehavet. […] Turboneger handlet om å overdimensjonere underdogens storhet, det var det vi jobbet med. Det handlet om å prøve å balansere den råtne møkkapunken med noe Wagnersk.» (Thomas Seltzer, 2010)

Bileta er gode dømer på fotografiets tidvis maleriske eigenskapar, særleg Andersens bruk av lys og skugge, som saman med den eksperimentelle kameraføringa og val av bakgrunn og situasjon bidrar til at dei har eit nesten uverkeleg preg. Den analoge og lysfølsame filmen som er brukt på konsertbileta, understrekar dette og gir ein kledeleg tåkete sensibilitet til uttrykket. Denne sensibiliteten gir musikken og bandet ein ny dimensjon. Bileta er grovkorna på den predigitale måten, dei er ikkje shoppa dit hen. Dette kler eit gammalt punkband og gir tonnevis av føde til mystikken. Silent Side of Rock’n’roll både avslørar og forsterkar rockemyten med det den syner og det den ikkje syner. Fotografia kan samanliknast med dei heroiske kunstnarportretta me kjenner frå kunsthistoria, då dei fortel om bohemen og opprøraren som stiller seg utanfor samfunnet. Knut Schreiner skildrar det slik:

«Vi ville posere som rockestjerner, og appelere til vanlige arbeiderklassekids. I denne perioden var det grovkornede grønsjuttrykket fri for posering ganske utdatert, og Stian hadde en type glamorøs magasinstil som vi likte, en blanding av britpopens Oasis-bilder, som hadde en stor grad av stjernedyrkelse i seg, og den klassiske rockeposeringen man finner på gamle bilder av Stones. Det var grunnen til at vi brukte Stian, vi ville gå fra kalde fanzinebilder til utbrettsbilder som kunne trykkes i glossy magasiner.» (Knut Schreiner, 2010)
Tre Turboliv

Turbonegerhistoria og -mytologien er massiv, mangesidig og veldokumentert. Den fyrste Turbonegerfotografen var Morten Andersen. I fotoboka Ass Time Goes By (2008) kan du fylgje gjengen gjennom den fyrste fasen, frå 1990 til 1998. Besetninga då var: Thomas Seltzer (bass), Pål Bøttger Kjærnes (gitar), Rune Grønn (gitar), Vegard Heskestad (gitar), Pål Erik Carlin (vokal) og Tor Kristian Jenssen (trommer). Forstadsgutta – som alle (med unntak av Grønn), framleis var i tenåra – var prega av amerikansk punk, pre-grønsj, Friedrich Nietzsche, øl, porno, miljøet på Forsøksgym og etter kvart den nystarta klubben Rockall i Oslo. Det musikalske resultatet kan høyrast på den rosa debutsingelen ”Route Zero” frå 1989 og debutalbumet Hot Cars and Spent Contraceptives frå 1992. Sjangeren blei seinare karakterisert som ”deathpunk”.

Allereie året etter debutsingelen gjennomførte bandet, med nokre justeringar i besetninga og med utgangspunkt i den halvt amerikanske Seltzers kontaktnett, sin fyrste USA-turné. Morten Andersen hang med på etterspelet: Dei to åra med Harald Fossberg i front og inntoget til Fossbergs etterfylgjar Hans-Erik Dyvik Husby (aka Hertug Hans, Hertugen, Hertis eller Hank Von Helvete) i 1993. Det var i denne tida bandet endeleg fann sin visuelle identitet og blei til dongeri-demonar.

Dei hadde prøvd og testa, feila og famla. Bandet søkte frå fyrste dag eit visuelt uttrykk, men leita i blinde. Fyrst såg dei ut som eit litt uflidd grønsjband. Deretter som ein gjeng streite, kjedelege studentar. Så trakk dei i svarte fascistuniformar. Som blei bytta ut med ein litt ekkel, jappete framtoning då Hertis blei vokalist. Neste fase var afroparykkar og skokrem. I løpet av skokrem-perioden overtok dongeri som dominerande sceneplagg. På fotosession hos Morten Andersen i 1995 kledde Hertis seg i lys dongeri frå topp til tå medan dei andre stilte i skjorter, afroparykk og leppestift i ei brei stripe rundt munnen. Dongerien stakk av med sigeren. Bandet kledde seg i denim sponsa av Levi’s, dynka ansikta i teatersminke, lefla med fetisjestetikken og homoikonografien til biletkunstnaren Tom of Finland. Homoseksualitet var nærast eit tabu i rocken, og for eit band grunnlagt på ideen om motkultur passa seilerhatten perfekt. Turbo pakka sminkeveska og drog på sin andre USA-turné sommaren 1995.

Også denne turneen kosta blod og vennskap. Vinteren og våren 1996 låg Turboneger nede for teljing. Albumet Ass Cobra skulle gis ut, men dei mangla ein gitarist etter at Pål Bøttger Kjærnes stakk av til New Zealand. Og med det starta ein ny æra. Gitarvidunderet Knut Schreiner frå Kåre & The Cavemen blei adoptert, fyrst som vikar og deretter som fast ”demin-cowboy” eller Euroboy. Med Schreiner og etterkvart Christer Engen (trommer) på plass vaks ambisjonane og bandet blei i større grad profesjonalisert.

I 1998 kom Apocalypse Dudes. Den enkle, men intense punkrocken frå Ass Cobra måtte vike for dynamisk, melodiøs og til tider pompøs stadionrock. Albumet gav Turboneger eit gjennombrot. Proporsjonalt med det auka platesalet eskalerte rusproblemet til Hans-Erik Dyvik Husby som hadde blitt heroinist på heiltid. Og då den kritikarrosa plata skulle lanserast gjennom ein saftig og utseld Europa-turné, sette dop, avrusing og til slutt psykose ein stoppar for det heile. Vokalisten måtte, i fylgje sagaen til Håkon Moslet, sendast heim frå Spania og til slutt flytte til besteforeldra i Lofoten for å berge livet. Siste delen av turneen blei avlyst, og bandet blei oppløyst.

Det gjekk fire år. Fire år i nordnorsk eksil før Turboneger gjenoppstod. På Quartfestivalen 2002 herja turbomanien. Apocalypse Dudes, fanklubben og Turboneger hadde vokse frå undergrunn til mainstream medan bandet låg brakk. Gjenforeningskonsertane den sommaren gav 1 million kroner til bandkassa, og bandet spelte for 40.000 publikumarar på Bizarrefestivalen i Tyskland. Deretter kom Scandinavian Leather: USA-turné med Queens Of The Stone Age, videoinnspeling med Jeff Tremaine og Spike Jonze, gullplate, idrettshallturné i Noreg, Tore Torell og Kerrang! Awards. Det var i denne perioden, Turboepoke nummer to, at Stian Andersen kom inn i biletet. Han var ikkje aleine. Comebacket blei òg grundig dokumentert i filmen: Turboneger. The ResErection, (2005).

2005, Party Animals, ”High On The Crime” og på turné igjen. Ingen kan klandre Turboneger for ikkje å være eit hardtarbeidande band. Stian Andersen var med i bussen. Og eit lite hamskifte blei realisert. Gjengen vraka denimuniformane til fordel for individuelle scenekostymer, og til ville protestar frå fans. Bandet var sterkt tilstades i Noreg under denne lanseringa. Medan dei i samband med førre plata gjorde 103 konsertar i utlandet og 19 i Noreg, gjorde dei denne gongen 66 konsertar i utlandet og 26 i Noreg. Medieyndlingane fekk og plenty plass i dei norske avisspaltene det året. Dei to største sakene omhandla ei verbal skjendig av det svenske kongehuset og rider-krav som nådde umoralske proporsjonar. I 2009 slutta Hans-Erik Dyvik Husby, noko som resulterte i turbo-stopp nummer to. Men i 2011 var dei tre ustoppelege i gang igjen (Rune Grønn, Thomas Seltzer og Knut Schreiner), med Tony Sylvester på vokal og Tommy Akerholdt på trommer. Turboliv nummer tre – fortsetjinga fylgjer.