Blitzregn 02-12. Ti år med Kaizers Orchestra.
10. februar - 31. mars 2013

I 2013 skal eit kapittel i norsk rocks historie avsluttast – kapittelet om Kaizers Orchestra.

 Se utstillingskatalogen her. 

Dei ansvarlege for denne vakre og viktige dokumentasjonen er fotograf Paal Audestad og Terje Winterstø Røthing, som er gitarist i bandet.

Kaizers debuterte med albumet Ompa til du dør i 2001. Sju suksessrike studioalbum, to Spellemannsprisar, ein Alarmpris, og over tusen konsertar seinare – eit par av dei på Roskildefestivalens hovudscene for over 50 000 publikumarar (2006 og 2011) – planlegg bandet å ta pause på ubestemt tid.

Paal Audestad har hatt ei eiga seng i Kaizersbandbussen sidan 2002. Frilansfotografen starta karrieren for Nye Takter i 1986 som sekstenåring. I tillegg til aviser som VG, Dagsavisen, Aftenposten og A-magasinet har han tatt oppdrag for forlag, reklamebyrå og artistar. Han har gitt ut tre bøker: Kontroll på Kontinentet med Jan Zahl, Vår ære og vår mat, med Torgrim Eggen og Gert Nygårdshaug, og sist men ikkje minst: Blitzregn 02 – 12. Ti år med Kaizers Orchestra, saman med Terje Winterstø Røthing.

Utstillinga inneheld forrykande fotografi av Kaizers på scenen, det ekstatiske publikumet deira, samt sveitte og utsletne kroppar etter konsert. Bileta til gitarist Winterstø Røthing tar oss enda eit hakk nærare dei seks keisarane. Frisering, reising, bading, venting, hardt arbeid, kameratskap og humor er dokumentert – gjennom både oppturar og nedturar frå turnélivet. Blitzregn 02 – 12 inneheld også mange av Audestads velkjente og stemningsfulle promoteringsbilete av bandet.

  • Pernille

    Kor lenge har dere denne utstillingen?

    • Jo Christian Sandvik

      31.mars..

  • Linn Bjørnbet

    E alle utstillingan færdig??