I dreamt I was a real boy – kjønn i norsk pop og rock
8. mai - 29. desember 2013

 Fem jenter iført elektriske gitarar, slagverk, eit farfisaorgel og miniskjørt entra i 1968 scenen i palasset til Sjahen av Iran. Der leverte dei tre sett av 60-åras beatrock til eit lettare sjokkert, men imponert publikum.

Iran var eit avbrekk i The Dandy Girls sin eitt år lang turné i eit krigsherja Søraust-Asia. Den omfattande internasjonale konsertverksemda gjorde dette norske bandet til kulturhistoriske pionerar. Likevel har forfattarane av historia om norsk pop og rock ignorert dei i stort monn.

Les hele katalogen med essay av Jenny Hval, Synnøve Engevik, Jon Mikkel Broch Ålvik, Birgitte Sandve, Charlotte Myrbråten og Petter Myhr her.

På overflata kan det sjå ut som at populærkulturen generelt og pop og rock spesielt har vore med på å sprenge grensene for kva som er passande feminin og maskulin oppførsel. Tenk berre på den lange luggen til gutane i The Cool Cats, på Kvinnefrontbandet Amtmandens Døtre som let alt kroppshåret gro, på jentene i punkbandet Norske Budeier som barberte hovudet, og på puddelrockmennene i People som bleika håret og tok permanent.

Ei grundigare gransking av populærmusikken som industri og estetisk produkt avdekker dessverre det motsette. Kulturfeltet pop og rock er fundamentalt sett kjønnskonservativt, både med omsyn til kjønnsrepresentasjon og bodskapar kommunisert gjennom til dømes songtekstar.

Det har vore store framsteg. Framsteg som resultat av kamp. Utstillinga I dreamt I was a real boy ser nærare på desse kampane, på nye kvinnelege og mannlege identitetar, og på små og store kjønnsopprør i norsk pop og rock.

Filen med hele katalogen er på ca. 4 MB. Trykk på linkene under for å vise en og en tekst.

Petter Myhr – I Dreamt I Was A Real Boy

Synnøve Engevik – Kjønnsidentitetar i norsk rock

Jenny Hval – Alt kan repareres

Jon Mikkel Broch Ålvik – Det vi ser og det vi ikke ser: nærhet og avstand hos Marit Larsen og Marion Ravn

Birgitte Sandve – Rap og iscenesetjing av maskunlinitet

Charlotte Myrbråten – Kjønn og skjønn i musikkjournalistikken

Formidlingstilbod, IDIWARB:

Opningsfest med konsert av Jenny Hval og Nils Bech

Spesialomvisingar i helgene

Pedagogisk tilbod til vidaregåande og ungdomsskular i Trøndelag vis DKS

Samarbeid med Teateret Vårt: Lilla

Rockheimkunnskap: Amtmandens Døtre